Historikk
Sunnmørsavdelinga av Norsk Veteran Motorsykkel Club blei stifta i pinsa 1988. Stiftingsmøtet kom i gang etter ein telefonrunde til nokre sentrale personar innan veteranmiljøet i området. Initiativtakarane var Jan Kåre Vadset, Nils Tore Årseth,Johan Steffen Fivelstad og brødrene Hjelle. Den første ordentlege Vårskjelven vart arrangert i pinsa året etter.

Frå stiftingsmøtet i lokalavdelinga i 1988
Vårskjelven har sidan oppstarten blitt eit årvisst treff. Treffstaden er Valldal i Nordal kommune. Dei første åra var treffstaden Muri Camping i sentrum av Sylte. Etterkvart blei treffet flytta til Skoglund Camping lenger opp i dalen, der ein har halde til dei siste åra.
Lokalavdelinga var i 1993 og 1994 arrangør av "Skogsløpet", NVMC sitt hovudarrangement. Det første året i Ålesund og det andre året på Vigra i Giske kommune.